Frå digital moteløve til digital meister

Me står midt i ei av dei største teknologiske omveltingane i moderne tid. Kunstig intelligens, smarte sensorar, digitale tvillingar, og verktøy som ChatGPT og Claude endrar både korleis me jobbar og korleis verksemder tener pengar. Tempoet er høgare enn dei fleste organisasjonar klarer å henge med på.

Likevel er det ikkje slik at dei verksemdene som brukar mest pengar på ny teknologi, alltid er dei som tener mest på han.

Dette er ikkje eit nytt fenomen. Heilt tilbake i 1987 oppdaga ein amerikansk forskar at bedrifter brukte stadig meir pengar på datateknologi, men at produktiviteten ikkje auka tilsvarande (Heggernes, 2023).

Teknologi i seg sjølv skapar ikkje verdi. Verdien kjem først når teknologien faktisk blir brukt på rett måte, og når strategien til bedrifta og bruken av teknologi heng saman.

I dag ser me akkurat det same. Forsking viser at bedrifter som satsar hardt digitalt, men som ikkje klarer å få organisasjonen til å følge med, taper pengar. Dei blir kalla «digitale moteløver»: dei lastar ned alt det nye, kastar seg over kvar trend, men har ikkje styr på korleis det heng saman. Resultatet? Dei leverer i snitt 11 prosent svakare økonomisk resultat enn konkurrentane sine (Heggernes, 2023).

På den andre sida har du dei som balanserer ny teknologi med god leiing, dei «digitale meisterane». Dei tener i snitt 9 prosent meir enn dei andre i bransjen, og leverer 26 prosent betre resultat (Heggernes, 2023). Bedrifter som arbeider systematisk med data og analyse tener til og med over tre gonger så mykje på dei digitale investeringane sine som dei som ikkje gjer det.

Forskjellen handlar altså ikkje om teknologi. Han handlar om leiing.

Mykje av teknologien er nemleg blitt billeg og lett tilgjengeleg for alle. Skytenester, KI-modellar og smarte verktøy kan kva som helst bedrift bruke. Konkurransefortrinnet ligg ikkje lenger i å eige teknologien, men i å bruke han godt.

Samtidig ser me at fokus er på veg til å skifte. Der den fjerde industrielle revolusjonen, Industri 4.0, handla mest om automatisering, effektivitet og maskinar, handlar Industri 5.0, om teknologien ved sida av mennesket og berekrafta. Teknologien skal ikkje erstatte oss, men gjere oss betre.

Sirkulær økonomi, lågare klimaavtrykk og evne til å takle kriser er ikkje lenger noko ein gjer for å sjå bra ut. Det er konkurransefortrinn. Med smarte sensorar kan du følgje materialar gjennom heile livsløpet. Med data og KI kan du fikse maskinar før dei går i sund. Med nye forretningsmodellar kan du selje «tenester» i staden for «produkt». Samtidig pressar EU-regelverk, kundar og dei beste talenta bedrifter mot meir berekraftig drift. Dei som bakar berekraft inn i sjølve måten dei tener pengar på, vinn både omdøme og resultat.

 For norske verksemder er konklusjonen enkel: Spørsmålet er ikkje lenger kva teknologi skal ein kjøpe. Det er kva slags organisasjon ein må vere for å bruke teknologien me allereie har, og kva slags samfunn me vil bygge med han?

Det er skilnaden mellom ein digital moteløve og ein digital meister, og det er der verdien blir skapt.

Mange opplever at dei sit på mykje teknologi, men manglar struktur, retning og kompetanse til å hente ut verdien.

Me i Ydda hjelper organisasjonar med å identifisere dei rette moglegheitene, prioritere tiltaka som gir effekt, og sikre gjennomføring i praksis.

Ta kontakt for ein uformell prat om korleis de kan få meir ut av dei digitale investeringane dykkar.

Kjelde:

Heggernes, T. A. (2023). Digital forretningsforståelse: Fra store data til små biter (4. utg.). Fagbokforlaget.

Neste
Neste

Kunstig intelligens – kor skal mi bedrift begynne?