Kunstig intelligens – kor skal mi bedrift begynne?
I mange år har me fått høyre at bedriftene som lukkast best framover, er dei som lukkast med digitalisering. Dei som no i tillegg lukkast med å ta i bruk KI, vil bli vinnarane.
Digitalisering og KI er elastiske ord, som seier både alt og ingenting. Samstundes kan dei skremme oss litt, for når ting ikkje er konkret og handfast, ser me ikkje heilt kor me skal byrje, eller korleis me skal lukkast med implementering i bedriftene våre.
For å lukkast med digitalisering og KI i di bedrift, handlar det om å identifisere problem og moglegheiter i bedrifta, og deretter gjennomføre gode forbetringsprosjekt for å nå måla og hente ut gevinstane. Kompetanse på god prosjektstyring og prosjektleiing er essensielt i arbeidet.
Først må ein velje ut eit område å arbeide med, før ein går i gang med å utforme gode løysingskonsept. I arbeidet vil prosjektleiar gjere klokt i å trekke inn naudsynt kompetanse frå bedrifta som kjenner til problemstillinga, saman med ekstern spesialistkompetanse på digitalisering og KI, og ikkje minst representantar frå dei som skal leve med endringa etterpå. Saman kan gruppa utforme konsept som løyser problemet og gjer verdi for bedrifta, før ein går vidare til dei neste prosjektfasane.
Treng du hjelp til å definere dine problem og moglegheiter, gjennomføre forbetringsprosjekt i din organisasjon, eller lære opp dine tilsette til å bli gode på prosjektgjennomføring?
Me i Ydda har verktøya og erfaringa til å hjelpe di bedrift til å ta dei rette stega framover med å bruke KI i di bedrift. Ta kontakt med oss for ein uformell prat, om korleis di bedrift kan utnytte digitalisering og KI på ein best mogleg måte.
KI kan brukast på mange meiningslause ting, til dømes disse dårlege illustrasjonsbileta.