Ydda hjelper bedrifter med å skape struktur, retning og framdrift – frå idé til gjennomføring.

Me kombinerer kompetanse innan prosjektleiing, strategi, kvalitetssystem, kommunikasjon og digitale løysingar for å løyse utfordringar og skape utvikling.

Med ei praktisk tilnærming og forståing for både menneska og verksemda bak, tilpassar me arbeidet etter behovet i kvart prosjekt. Enten du treng støtte til prosjekt, arbeidsprosessar, kommunikasjon eller digitale løysingar, står me klare til å bidra.

Kva me kan hjelpa med

Ydda leverer prosjektleiing for forbetrings- og leveranseprosjekt frå idé og planlegging til gjennomføring og oppfølging. Me bistår verksemder med å skape struktur, framdrift og gode prosessar gjennom heile prosjektløpet.

Me tilbyr òg kompetanse innan endringsleiing og etablering av prosjektkontor for verksemder som ønskjer betre styring, prioritering og kontroll over prosjektporteføljen sin.

Prosjektleiing, endringsleiing og porteføljestyring

Strategi, kommunikasjon og merkevarebygging

Ei sterk merkevare handlar om meir enn eit visuelt uttrykk – det handlar om kven de er, kva de står for og korleis de blir oppfatta. Ydda hjelper verksemder med å utvikle strategiar som gir retning, og omsetje desse til tydeleg kommunikasjon og heilskapleg merkevarebygging.

Gjennom strategisk rådgiving, kommunikasjon, visuell identitet og interessenthandtering hjelper me verksemder med å styrkje posisjonen sin, byggje tillit og skape eit uttrykk som samsvarar med verdiane og måla deira.

Gode avgjersler krev innsikt og oversikt. Ydda hjelper verksemder med å kartleggje dagens situasjon, identifisere moglegheiter for utvikling og etablere system som skaper struktur og kvalitet i kvardagen.

Gjennom kartlegging, analyse, kvalitetssystem og evaluering bidreg me til betre arbeidsprosessar, meir målretta tiltak og kontinuerleg forbetring. Me tilpassar arbeidet etter verksemda sine behov – enten målet er å få betre oversikt, sikre kvalitet eller utvikle nye arbeidsmåtar.

Kartlegging, kvalitetssytem og evaluering  

Marknadsføring og employer-branding handlar om å byggje ein tydeleg posisjon og vise fram kven de er som verksemd. Ydda hjelper bedrifter med å utvikle gode strategiar, skape relevant innhald og kommunisere tydeleg med både kundar, samarbeidspartnarar og potensielle medarbeidarar.

Me kombinerer strategisk forståing med praktisk gjennomføring for å styrkje synlegheita, byggje omdømme og gjere verksemder meir attraktive – både i marknaden og som arbeidsplass.

Marknadsføring og employer-branding  

Digital transformasjon handlar om meir enn å ta i bruk ny teknologi – det handlar om å forstå korleis teknologi kan skape verdi for verksemda. Ydda hjelper bedrifter med å sjå heilskapen mellom teknologi, arbeidsprosessar og menneska som skal bruke løysingane.

Me bidreg med forståing for korleis digitale verktøy og system kan implementerast på ein måte som gir reell effekt. Gjennom god planlegging, involvering og struktur hjelper me verksemder med å hente ut gevinstane av digitale investeringar og skape betre arbeidsmåtar.

Digital transformasjon