Korleis bli ein digital meister: Styrk grunnmuren i selskapet ditt
Skal bedrifter vere relevante, lønsame og effektive, må ein heile vegen omstille seg i tråd med endringane som skjer i samfunnet til ein kvar tid.
Det handlar om å effektivt bevege seg dit ein skal
Ingen veit korleis verda ser ut om tre, fem eller ti år. Men ein veit kor ein er i dag. Når ein rundar neste sving, og ser kor ein skal, handlar det om å raskt finne ut korleis komme seg dit. Før konkurrentane, for å få eit forsprang, og med kontroll på kost og risiko.
Klarar ein å beskrive godt kor ein er, og lage ein god kultur og effektive strukturar for å prioritere og gjennomføre endringar i ei bedrift, vil ein raskare lukkast med å nå nye mål.
Innhaldet i ein solid grunnmur for utnytting av digitale teknologiar
For å lukkast med endringane må ein ha ein solid grunnmur for utnytting av digitale teknologiar.
Ein slik grunnmur inkluderer gode skildringar av:
1) Arbeids- og informasjonsflyt i bedrifta gjennom heile verdikjeda (prosessflyt)
2) Kven som har ansvar for kva, og kva ressursar ein bruker i prosessen
3) Korleis endringar ein stad i verdikjeda påverkar organisasjonen
4) Strukturar for å sikre god datakvalitet
5) IT-arkitekturen – og eit oppsett som gjer deg tilgang og kontroll på viktige data
6) Rammeverket, opplæringa og kulturen for å gjennomføre endring, frå idé til realisering.
Dei som har investert i ein slik grunnmur har gjeve bedrifta føresetnaden den treng for å utnytte digitale teknologiar som KI, og gode strukturar for å lukkast med omstilling til ein kvar tid.
Ydda kan hjelpe med å styrkje bedrifta di sin grunnmur
Styrking av grunnmurar er noko av det me i i Ydda hjelper kundane våre med. Me utviklar eller vidareforedlar kvalitetssystem, og bidrar til å laga strukturerte, brukarvennlege skildringar av korleis tilsette i selskapet arbeider, knytt opp mot eksisterande prosedyrar, rutinar og sjekklister.
I arbeidet uthevar me kor bedriter må gjere ein innsats for å betre datakvalitet, og rådgjer om alt frå organisering og styring av data til betre utnytting av digitale teknologiar kunden allereie har investert i. I tillegg tilbyr me eit komplett rammeverk for å velje ut, analysere, planlegge og gjennomføre forbetringsprosjekt hos kunde.
Og alltid med menneska i fokus.
Ønskjer du å styrkje din grunnmur for framtida? Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.