Kundereferansar

  • Prosjekt

    Ydda har bistått Bremnes Seashore med fleire prosjekt siste året. Oppdraga har inkludert tenester som prosjektkartlegging, prosjekteigarstøtte og prosjektleiartenester.   

    «Ydda har levert effektivt og solid arbeid, og har bidratt med god rådgjeving og konstruktive innspel og tilbakemeldingar. Ydda har tilnæma seg organisasjonen og oppgåvene med fagleg integritet og tillit, noko som har vore viktig for oss som selskap i prosjekta Ydda har ytt bistand i.”

  • Kartlegging

    På oppdrag frå Maritime CleanTech, har Ydda gjennomført ei brei kartlegging for å identifisere fordelar med digitalisering i dekarboniseringa av maritim næring.

    «Gjennom ei strukturert tilnærming og godt samarbeid, er det samla inn og konkretisert innspel frå næringa. Resultatet er eit ryddig og oversiktleg styringsverktøy som Maritime CleanTech og medlemsbedrifter bruker i vidare arbeid.”

  • Strategi

    Ydda fasiliterte strategisamling med styret til Bømlo Opplæringskontor, der formålet var å revidere strategidokumentet.

    “Ydda fasiliterte ei svært god strategisamling for oss. Prosessen var strukturert, engasjerande og gjorde det enkelt for alle å bidra. Resultatet vart eit konkret og tydeleg strategidokument, med klare mål for vegen vidare.”

  • Prosessdokumentasjon

    Ydda har bistått Wärtsila med kartlegging og dokumentering av ein intern prosess.

    “Me hadde behov for ein gjennomgang av ein intern prosess, men mangla eigne ressursar. Samarbeidet starta med ei god forventningsavklaring, før Ydda gjennomførte ei grundig kartlegging, dokumenterte prosessane og leverte eit resultat av høg kvalitet som me får stor nytte av vidare. Dei var sjølvgåande, men samtidig i tett og god dialog med oss som kunde.”

Kundar