Bli kjend med oss
Ydda er eit konsulentselskap frå Bømlo som tilbyr kortreiste konsulenttenester til næringslivet i Sunnhordland.
Våre dyktige og løysingsorienterte konsulentar, med relevant kompetanse og god kjennskap til det regionale næringslivet, står klare til å hjelpe kundar med å gjere dei rette prosjekta, og gjere dei best mogleg.
Historia vår
Nina og Mari har begge jobba i same IT-konsulentfirma i Oslo. Faktisk har dei hatt same leiar i selskapet, sjølv om dei aldri vore tilsett der samstundes.
Nina reiste vidare frå konsulentlivet i Oslo til Sandnes og Aibel, men flytta heim til Bømlo i 2017 der ho starta som leiar i klynga på Rubbestadneset. I 2021 gjekk ho inn som dagleg leiar i Bømlo Næringsråd, samstundes som ho i periodar var utleigd som prosjektleiar til ulike prosjekt. Mari flytta heim frå Oslo til Bømlo i 2022 og starta i eit reklamebyrå på Stord, men i desember 2022 vart ho headhunta til å arbeide i Bømlo Næringsråd som prosjektleiar og kommunikasjonsansvarleg.
Gjennom arbeidet i næringsrådet såg Nina og Mari at kompetansen dei hadde var det mange bedrifter i regionen som hadde bruk for, men få bedrifter hadde økonomi eller aktivitetsnivå til å forsvare fulltidsstillingar.
Dette planta eit frø i dei. Om at dei ein dag i framtida ville starte eit konsulent- og rådgjevingsfirma i Sunnhordland. Ideen spira og vaks, og no har den skote knopp og blitt til konsulent- og rådgjevingsfirma Ydda.
Framtida vår
I februar tok dei neste steg i utviklinga av selskapet då dei tilsette Anna som praktikant. Ydda ønskjer å byggje brei fagkompetanse, og samstundes satse på unge med relevant kompetanse.
Anna har bakgrunn som paramedisinar og er no under utdanning til Siviløkonom. Denne kombinasjonen gir eit spennande utgangspunkt, med både god erfaring med menneske og ei aukande forståing for økonomi og næringsliv.
Nina og Mari meiner det er viktig å gi unge moglegheit til å få relevant erfaring, samstundes som dei får inn nye perspektiv og arbeidsmåtar. Dette er heilt i tråd med tanken bak Ydda, å kople kompetanse og behov i regionen, og bidra til utvikling både for verksemder og menneske.
Møt teamet:
Mari Pedersen Totland
Dagleg leiar
Mari har ein Bachelor i marknadsføring og leiing, og ein Mastergrad i organisasjonspsykologi og leiing.
Mari har erfaring frå IT-utviklingsprosjekt og har også arbeidd med kommunikasjons- og marknadsføringsarbeid for små og store bedrifter, som prosjektleiar i reklamebyrå og med næringsutvikling som prosjektleiar i Bømlo Næringsråd.
Mari er god på kommunikasjon og involvering, evnar å sette seg inn i komplekse problemstillingar, arbeider effektivt og leverer påliteleg.
Nina Ingvaldsen
Fagleg leiar
Nina er Sivilingeniør i datateknikk, og har ein Mastergrad i organisasjon og leiing.
Nina har brei erfaring med prosjekt- og porteføljestyring, både frå offentlege IT- og anskaffingsprosjekt og frå endrings- og effektiviseringsarbeid i industrien. Ho har også erfaring frå næringsutvikling som dagleg leiar i industriklynga på Rubbestadneset og i Bømlo Næringsråd.
Nina er sterk på å forstå komplekse problemstillingar, skape overblikk og sikre god gjennomføring, med tydeleg kommunikasjon og involvering.
Anna Innvær
Praktikant
Anna studerar til å bli Siviløkonom, og startar til hausta på spesialisering innan strategi og leiing.
Anna har erfaring frå prosjektleiing, innovasjon og kommunikasjon. Med bakgrunn som Paramedisiner er ho trygg i krevjande situasjonar og sterk på samarbeid.
Anna er strukturert og kreativ. Ho set seg raskt inn i nye problemstillingar og bidrar med overblikk og framdrift. Ho arbeidar effektivt og med engasjement, og er oppteken av tydeleg kommunikasjon og godt samarbeid.