Ydda tilbyr kortreiste konsulenttenester til næringslivet i Sunnhordland
“Me tar dine prosjekt, og gjer dei til vår viktigaste oppgåve!”
Kva me kan hjelpa med
Ydda hjelper bedrifter å gjennomføre forbetringsprosjekt som gjerne blir nedprioriterte i kvardagen.
Me går inn med tid og kompetanse til å scope, strukturere og drive prosjekta framover, slik at bedrifta kan utnytte eigne ressursar meir effektivt i prosjekta, og nå måla på tid, plan og kost.
-
Ydda leverer prosjektleiing for forbetrings- og leveranseprosjekt frå konsept- til gjennomføringsfase, endringsleiing, og bistår i etablering og oppfølging av prosjektkontor for bedrifter som ønskjer betre styring og kontroll på sine prosjektporteføljar
-
Ydda leverer kompetanse på strategi, intern og ekstern kommunikasjon, visuell utforming, interessenthandtering mm.
-
Ydda gjennomfører alt frå prosjektevalueringar til kartleggingar, behov- og moglegheitsstudier. Me kan òg støtte og rådgje bedrifter i anskaffingar og næringsutviklingsarbeid.